Retorisk figur: Katakrese

Katakresen er ein av desse retoriske figurane med råflott namn me alle bruker i det daglege utan å vera klåre over det. Sjølve ordet kjem frå det greske katakhrasthai – «å bruka fullt ut»/«å bruka opp». Katakrese står for dei orda der me så å seia «bruker opp» eit ord som har ei bokstavleg tyding på eitt felt ved å overføra det til eit anna, der ordet manglar. På norsk nemner ein ofte uttrykk som «bordbein» eller «sagtann» som døme. Både «bein» og «tann» har konkrete tydingar som kroppsdelar. Når me pratar om at bordet har bein eller saga tenner, er det såleis ein metafor.

Eit interessant aspekt ved katakresen er at etymologien til omgrepet er uklår, og samstundes viktig for den retoriske verdien me legg i det. Det greske verbet betyr ikkje berre «å bruka opp», men også «å gjera ende på»/«ta livet av». Den romerske retorikaren Quintilian sette uttrykket om med ordet abusio, som me gjennomskodar ved hjelp av det engelske ordet abuse – «misbruk». Katakresen verkar såleis å vera ein dramatisk og dødeleg bruk av språket; her misbruker ein eit ord på eit område der det eigentleg ikkje høyrer heime, og dimed tek ein livet av det. Eller gjer ein det?

Korleis me tolkar orda katakhrasthai og abusio verkar inn på korleis me tolkar bruken av denne figuren. Tormod Eide seier i Retorisk leksikon (1999: 84f) at abusio er danna til ab-uti, «bruka fullt ut», og held fram:

Den moderne bruken av termen k[atakrese] i betydning ‘anstrengt’ eller ‘malplassert’ metafor beror på en misforståelse av de antikke termene (som om abusio her betyr ‘misbruk’, eng. abuse).

Me kan nok gå ut frå at abusio ikkje skal oppfattast som «misbruk», men i Latinsk-norsk ordbok finn me like fullt at verbet abutor (oppslagsforma av abuti) tyder både «forbruke, bruke opp», «misbruke», «utnytte». Substantivet abusio blir utlagt som «uegentlig bruk (av ord)», medan adverbet abusive blir omsett med «i uegentlig bruk» – og i denne tydinga oppgjev ordboka at ordet er attestert hjå Quintilian.

Så om ordet ikkje inneber at metaforen naudsynleg er malplassert eller misbrukt, ser det ut som om romarane oppfatta denne figuren som karakterisert ved at ord blir brukt der dei eigentleg ikkje høyrer heime. Dimed var vel Quintilian inne på noko sentralt som gjeld alle metaforar: Når ein overfører tyding frå eitt område til eit anna, mistar ein noko på vegen, og på det nye området vil ein oppfatta at noko ikkje stemmer heilt. I alle fall når metaforen er rykande fersk; eit ord som «bordbein» omtalar me helst som ein «stivna metafor» i dag. Ingen tenkjer over at bordet sakleg sett ikkje har bein. Katakresen/abusio blir såleis eit døme på både den språklege kreativiteten me bruker når me «manglar» eit omgrep – og kor automatisert og «eigentleg» denne «ueigentlege» ordbruken kan fortona seg etter kvart.

Advertisements

One thought on “Retorisk figur: Katakrese

Kom med eit innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s