Universitetsarkitektur, byutvikling og forskarkreativitet

Det siste året har det vorte fatta to store og paradoksale vedtak som gjeld utviklinga av NTNU. For det fyrste skal universitetet «samlokaliserast» i aksen Kalvskinnet–Elgeseter/Øya–Gløshaugen–Lerkendal. For det andre skal NTNU bli Noregs største universitet, med dei tidlegare høgskulane i Gjøvik og Ålesund som «satelittar». Dette inneber at store delar av universitetsstrukturen skal lagast på nytt – både den organisatoriske, altså inndelinga i fakultet og institutt, og den konkrete og fysiske, altså bygningsmassen og lokale for campus. Eg har ikkje klåre meiningar om den fyrste delen av omstruktureringa. Derimot kjenner eg, frå dette semesterets perspektiv som besøkjande stipendiat ved UW Madison, ei viss uro kring korleis det framtidige universitetet reint konkret skal byggjast.

Medan eg skriv dette, sit eg i eit bygg som heiter Discovery Center på campus her i Madison. Universitetsområdet er enormt, og strekkjer seg over ein god bit av bysenteret. Her er klassisistiske og historistiske bygg med greske søyler, regjeringskvartal-liknande høgblokker i naturstein og postmoderne kompleks med glas, tre og steinheller som hovudingrediensar. Gjennom campus skjer fleirfeltsgata University Avenue, ikkje heilt ulik idéen dei største partia i Trondheim kommune har om Elgeseter Boulevard.

Gater med høg trafikk kan eg styra meg for (sjølv om Madison heldigvis har gjort ein fenomenal innsats for å laga samanhengande sykkelfelt). Derimot er det fleire ting eg liker med universitetsområdet. Dersom ein ser bort frå det innhaldstomme omgrepet «samlokalisering», er det fint og praktisk å ha universitetsbygga samla langs eit hovudområde; det gjer universitetet som institusjon meir oversiktleg. Den eklektiske blandinga av ulike stilartar har eg heller ingenting imot. Ei slik blanding fortel ei historie om universitets- og byutvikling, og viser fram eigenarten til dei ulike faga.

For det tredje gjer eit velutvikla og variert universitetsområde noko med deg som forskar. (Og her pratar eg som ph.d.-stipendiat i eit fag der skriving, argumentering og språkleg kreativitet er viktige element.) Eg har generøst fått tildelt kontorplass saman med resten av det skandinaviske instituttet i 13. etasje, med utsikt vestover, mot universitetssjukehuset, sjøen og forstadane. Tidlegare i dag fekk eg behov for miljøforandring; eg ville vekk frå kontorstøvet og ut i det fri. Kvar går ein då, når ein Fontenejobbar i sentrum av ein by med ein kvart million menneske? Jau, eg rusla ned til atriet på Discovery Center. Her er det eit høgt tak med stort ljosinnslepp, sofaer, benker, arbeids- og databord, i tillegg til fontener og kunstige, små fossar. På ei anna av dei tungt trafikkerte gatene dundrar bilane forbi like på utsida, men ved eit mirakel av ei støyisolering høyrer ein knapt ein einaste summande skuter her inne. Dette er ein draum av eit rom – eller open plass – å jobba på.

Når ein jobbar med avhandlingsskriving, eller artiklar, eller munnlege presentasjonar –  eg gjer litt av Tre og takalt for tida – er ei slik miljøforandring gull verd. Det er freistande å gripa til klisjéen «luftige tankar», men det er i alle fall eit faktum at det var ved å arbeida i dette rommet at eg fekk inspirasjon til denne bloggposten. (Og medan eg skreiv den førre setninga, fekk eg ein idé til eit analytisk poeng som eg berre måtte skriva ned, så dette vart direkte forskingsrelevant.) Rundt meg sit studentar med macen på fanget, som meg, medan dei held fredagsøkta gåande med kaffi frå fortauskaféen i same bygget. To amerikanarar sit og har ein livleg samtale med to asiatiske utvekslingsstudentar. Folk går til og frå møte og kontor, her nede og i etasjane over. Dersom ein skal konkretisera nokon av dei visjonane NTNU-rektor Bovim formulerte i eit nyleg blogginnlegg, er dette ein type bygg eg gjerne skulle sett på NTNUs framtidige bycampus. Det er ein arbeidsplass, ein møteplass og eit estetisk tilfredsstillande bygg, i både den moderne tydinga av ordet, og den grunnleggjande, som sanseleg. Dette siste er ikkje minst viktig nettopp fordi vakre bygnader og gjennomtenkt utsmykking stimulerer den kreativiteten me som forskarar og formidlarar har sårt bruk for.

Så om eg kan koma med nokre ynske til campusutviklinga ved NTNU, blir det dei fylgjande:

  1. Gjev framtidige forskarar og studentar eit sentralt, påkosta og velfungerande bibliotek. Sjølv om den rådande idéen i dag er at framtida er digital og e-bokifisert, treng me i alle høve god lagringsplass til bøker som står på magasin, men som likevel enkelt kan hentast fram. Biblioteket må også ha opne rom (gjerne med fontene og foss), stille lesesalar og plassar for å møtast, diskutera og vera kreativ – anten ein er professor emerita eller nyklekt student.
  2. Våg å kombinera det oversiktlege og stringente med det varierte og eklektiske. Karréstrukturen med regelmessige kvartal er ein hevdvunnen, urban og effektiv måte å utvikla gode byområde på. Samtidig vil ulike bygningar med særpreg gjera campus endå lettare å orientera seg i. For å få plass til alle faga ved HF og SVT, i tillegg til gater, nødvendige parkanlegg og sykkelvegar, lyt me dessutan ha ein del høgblokker som vekslar med mindre hus. Alt treng ikkje å teiknast av same arkitektkontor, slik ein gjorde det på Dragvoll – det er berre å sjå til Gløshaugen for å finna ein campus som er mykje meir spennande å gå rundt på.
  3. Lat universitetet bli ein del av byen og omvendt. Det framtidige NTNU vil strekkja seg frå Lerkendal, ned skråningane mot Elgeseter gate, via Øya og over elva til Kalvskinnet og kanskje til og med Marienborg. Det gjer ikkje noko at det står firemannsbustader, eit stadion, jugendbygg og nokre bittesmå hus på Øya midt inne i campus. Det er tvert om ein fordel for å unngå at NTNU blir ein åtte til fem–getto som er daud etter arbeids- og lesesalstid. Til gjengjeld må universitetet opna for eit større utval av kaféar, restaurantar og kulturtilbod inne på campus slik at ein også trekkjer til seg folk utanfrå.

Og til slutt, eit ynske til Trondheim kommune: Lat Elgeseter gate og Holtermannsvegen bli ei ordentleg miljøgate med buss/bane, syklistar og fotgjengarar som fyrsteprioritet. Me kan ikkje byggja ein ny bydel basert på firefelts gjennomgangstrafikk med bil i det 21. hundreåret.

– – –

Edit 7.9.: Geir Brendeland har også spennande tankar om campusutvikling i Adressa. Og denne bloggposten er publisert i omskriven versjon i Universitetsavisa.

13.9.: Arkitekt Siri Rørholt, som har vore med på å laga moglegheitsstudien over campusutvikling, seier m.a. dette i Adressa:

«Det er utrolig viktig å ta vare på området rundt hovedbygningen og bevare høyskoleparken. […] Også småhusbebyggelsen rundt campus mener hun må få stå. – Det er viktig å ikke kaste historien og utviklingen på båten når vi nå skal bygge nytt.»

26.9.: Det vart så mange nye mediebidrag om campusutvikling at eg bestemte meg for å laga ei eiga side for å halda oversikt.

Advertisements

Kom med eit innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s