For langt for Twitter: Karikaturar, konvensjonar og kunnskapsprivilegiet

Etter at eg i ein monologisk Twittertråd prøvde å forklara veldig nøye og sakleg kvifor den notoriske karikaturteikninga av Ali Esbati som ape er problematisk, har eg innsett behovet for å svara på eit par av innvendingane som har kome. Men som eg ville få fram i den – trass alt relativt korte – twittertråden, er spørsmål om rasisme, omgrepet «rase» og den kulturelle forvaltinga av fenomenet langt meir komplekse enn debatten i dei fleste sosiale media greier å fanga. Dimed utvikla svara mine seg til meir utflytande refleksjonar over rase- og konstruktivismespørsmål, basert på min eigen, klårt avgrensa, kjennskap til felta.

Innvendingane kjem i kursiv nedanfor.

 

Å karikera andre menneske som apar er berre rasistisk dersom den aktuelle personen er svart/afrikansk. Esbati har iransk opphav, og ei apeteikning av honom er fylgjeleg ikkje rasistisk.

Sjølve påstanden er grei nok å visa attende reint teiknteoretisk. Eit opphavleg teikn «afrikanar som ape = afrikanarar er underutvikla» tyder ikkje at teiknet ikkje kan bli, og har vorte, utvida til, andre grupper enn afrikanarar. Innvendinga ovanfor ser rett og slett vekk frå fenomenet tydingsutviding.

Det mest interessante med denne innvendinga er kva for omgrep om «menneskerasar» ho tek utgangspunkt i. Ho har som premiss at kategorien «svart» eller, i ein amerikansk kontekst, «afro-amerikansk», primært er genetisk. Det er han ikkje. Dei moderne rasekategoriane som til sist vart diskrediterte av UNESCO i 1950, var konstruerte av tyske opplysingstidsfilosofar. Lækjaren Johann Friedrich Blumenbach publiserte i 1775 avhandlinga De generis humani varietate nativa, som vart eit referanseverk i framtidige diskusjonar om menneskerasar. (Blumenbach hadde teke utgangspunkt i Carl von Linnés tidlegare kategoriseringar (jepp, han brydde seg ikkje berre om planter).) Blumenbachs kategoriar – kaukasisk, mongoloid, etiopisk, amerikansk og malayisk – var teologiske og basert på ein idé om menneskeslektas forfall. Den kaukasiske rasen representerte biletet av Gud, medan dei andre representerte ulike stadium av degenerasjon i høve til det opphavlege. (Ei god framstilling av skapinga og utbreiinga av vestlege rasemytar finst i antropologen Robert W. Sussmanns The Myth of Race.) Dette er ikkje vitskaplege, biologisk funderte kategoriar.

I USA opererte ein gjennom slaveri- og segregeringstida med den såkalla «one drop rule»: Dersom du hadde éin einaste drope «svart blod» i deg, var du definert som ikkje-kvit. Dette førte til at menneske med blå augo og blondt hår definerte seg, og vart definerte, som «Negroes». Eit eksempel er den legendariske NAACP-leiaren Walter White (1893–1955). Han var av blanda etnisk opphav, men ein framståande borgarrettsforkjempar i kraft av å vera leiar av den største foreininga for rettane til dei svarte frå 1931 og fram til han døydde. White anerkjente sjølv at den europeiske utsjånaden gjorde det lettare for han å representera borgarrettssaka i eit land som gav særrettar til nettopp dei kvite. Fordi ein «kaukasisk» utsjånad i mange samanhengar er eit privilegium, er fleire av dei tidlege representantane for viktige afro-amerikanske samfunnsaktørar av blanda etnisk opphav. To kjende døme er skodespelarane og aktivistane Fredi Washington (1903–1994) og Lena Horne (1917–2010). Den grønøygde Washington og Horne – den «sepia-farga Hedy Lamarr» – fekk innpass i filmverda på ei tid då svarte skodespelarar var delegerte til å spela slavar og tenestejenter. Men også dei møtte hinder: Washington måtte sminkast for at det skulle gå klårt fram at ho var mørk (ei kvinne som kunne oppfattast som kvit, kunne ikkje ha ein romantisk relasjon med ein svart mann på film), og Horne figurerte stort sett i musikalnummer som kunne kuttast når filmane vart lanserte i sørstatane. Kategorien «svart» som presumptivt var basert på fenotype, viste seg i praksis å vera ekstremt ustabil og kritisk å definera i tvitydige tilfelle.

Knytt til dette er det ei lang og sår historie om såkalla passing; menneske med afro-amerikansk opphav og tvitydige ytre karakteristikkar valde i mange tilfelle å bryta opp frå familien og leva som kvite i andre byar. Fordelane med dette når det gjeld borgarrettar og moglegheiter til å faktisk fylgja den amerikanske draumen, er openberre. Men passing innebar som oftast også å gjeva evig avkall på familien og det afro-amerikanske samfunnet ein hadde vakse opp i. Eit fascinerande forsøk på å skriva denne vanskeleg dokumenterbare historia er boka A Chosen Exile av historikaren Allyson Hobbs. Det Hobbs mellom anna får vist, er at å leva som kvit eller svart i mange tilfelle var eit performativt spørsmål: Ved å oppføra seg, snakka eller kle seg på ein spesiell måte kunne ein «passera» som kvit – eller motsett: understreka ein afro-amerikansk identitet. Slik blir det tydeleg at det å tilskriva nokon ein rase, i liten grad har vore eit genetisk eller biologisk spørsmål, men snarare eit spørsmål om sosiale og kulturelle konstruksjonar.

Dette er med på å forklara den ekstreme kompleksiteten i raserelasjonar, spesielt innanfor ein amerikansk kontekst, som lagnadene til White, Washington og Horne er døme på. Spekteret mellom «svart» og «kvit» kunne forhandlast og definerast ulikt frå ein situasjon til ein annan. Også innanfor afro-amerikanske miljø har det funnest hierarki basert på rase-performance, der dei med meir «vestleg» utsjånad har sett ned på dei med «afrikansk» utsjånad eller åtferd. (Ei skildring av dette finst i romanen Their Eyes Were Watching God av Zora Neale Hurston. Les også gjerne memoarboka The Hornes: An American Family av Gail Lumet Buckley for ei framstilling av korleis det voks fram ein «lys» svart middelklasse.) Rasisme er eit tankesystem som hevdar å operera med klåre og ryddige kategoriar (t.d. afrikansk vs. europeisk), men som gong på gong hamnar i ei krise i møte med ei røynd som er langt meir kompleks.

Kva har historiske amerikanske raserelasjonar å gjera med at Ali Esbati, av iransk avstamming, blir karikert som ape i Noreg i 2016? Poenget mitt er at å definera nokon som «svart» eller «n—-» aldri har dreia seg fyrst og fremst om genetisk opphav. Definisjonen har oftast teke utgangspunkt i at den «svarte» er sosialt konstruert som ulik dei «kvite». For å avgjera om ein apekarikatur har ei potensiell rasistisk meining overfor ein iranar, er det ikkje om å gjera å sjekka stamtavla (dersom Esbati hadde hatt ei bestemor frå Somalia, ville det i så fall endra fortolkinga av karikaturen fundamentalt?). Spørsmålet er om skandinavar av iransk avstamming kulturelt er plasserte same stad som til dømes afro-amerikanarar i ein amerikansk kontekst. Eg vil hevda at svaret er ja, sjølv om eg berre har anekdotisk bevis å koma med (og her blir eg veldig glad dersom nokon veit om systematiske studiar av rasistisk språkbruk i Noreg). Me har Nils Rune Langelands utspel om «genetisk svake analfabetar frå Punjab». Me har hetsen av Haddy N’Jie – som genetisk er like europeisk som afrikansk – som «halvape». Og eg torer å påstå at skjellsord som «n—-» og «svarting» blir brukte mot dei som berre er få nyansar brunare i huden enn «etniske nordmenn». Feilen her er å gå ut frå at rasistiske teikn i språket berre råkar den som har ei viss genetisk avstamming.

 

Irar vart òg teikna som apar. Svarte har òg drive med slaveri.

Dette er ikkje ei sakleg innvending, men eit forsøk på å avspora debatten. Ingen har nekta for at også folkegrupper med europeisk utsjånad har vorte undertrykte, eller for at også menneske med afrikansk opphav har ført ein undertrykkande politikk overfor andre grupper. Diskriminering fylgjer ikkje fargespekteret til menneskehuda. I skandinaviske innvandrarsamfunn i den amerikanske Midtvesten vart finske immigrantar sett på som mindreverdige av svenskar og nordmenn. Finnane snakka eit uforståeleg språk, var skitne, uflidde og ukultiverte, og kven visste om dei ikkje dreiv med svartekunst. (Er det forresten nokon som ser parallellar til haldningane overfor ein minoritet her til lands?)

Og når me snakkar om skandinavar i USA, skulle det vera unødvendig å minna om avisartikkelen om nordmenn som sirkulerte i SoME under flyktningekrisa i fjor haust og endå tidlegare ( unødvendig – mest fordi han er vanskeleg å verifisera). Me treng ikkje reisa over dammen ein gong; det er på høg tid at me diskuterer haldningane til den urbane eliten overfor den norske lands(måls)kulturen på 1800-talet som eit tilfelle av intern rasisme. Her kunne åndshovdingen og Roms-/Gausdølen Bjørnstjerne Bjørnson få seg til å seia dei mest utrulege ting om norske bønder:

Jeg kan sætte en Streg paa Væggen: saa høit kan Bonden naa i Kultur – ikke høiere.

(sitert i Ottar Grepstad: Den store nynorske sitatboka. Samlaget 2000, s. 67.)

Men ingenting av dette endrar på det faktumet eg ville få fram: Å teikna ein mørkhuda person som ape er eit teikn med rasistiske konnotasjonar. Teikninga blir ikkje mindre sårande, ekskluderande eller dehumaniserande av nokon av dei fakta eg har nemnt ovanfor. Me må snakka om, og slå ned på, rasisme i alle former, og ikkje la éin type rasisme nulla ut andre.

[Tillegg 26.5.2016: Hilde Løvdal Stephens har gjort meg merksam på at ho delte linken til artikkelen om karikaturar av irar på Twitter, og at intensjonen var noko heilt anna enn å avspora debatten. Eg lèt diskusjonen ovanfor stå som han er, i og med at eg tykkjer liknande innspel ofte blir brukt på denne måten, men les for all del kommentaren til Stephens nedanfor.]

Eg ser ikkje farge.

Andre har skrive betre enn eg kan om kvifor dette er problematisk å seia. Heilt kort: Me kan ikkje leva i eit samfunn prega av etterverknadene av lang tids systematisk og/eller ideologisk diskriminering av visse folkegrupper og underkjenna at desse etterverknadene finst. Det er også påfallande at ein sjeldan høyrer liknande påstandar om andre former for diskriminering. Eg har til gode å sjå at ein jøde som slår alarm om antisemittisme blir avfeia med «Eg ser ikkje forskjell på jødar og ikkje-jødar».

Innanfor queerteoretisk litteraturvitskap, som er feltet mitt, er omgrepet «privilege of unknowing» ein sentral idé. Det vart lansert av forskaren Eve K. Sedgwick i den banebrytande boka Epistemology of the Closet. Sedgwick kritiserer ordspråket «kunnskap er makt»:

Knowledge, after all, is not itself power, although it is the magnetic field of power. […] The epistemological asymmetry of the laws that govern rape, for instance, privileges at the same time men and ignorance, inasmuch as it matters not at all what the raped woman perceives or wants, just so long as the man raping her can claim not to have noticed […] (ss. 4–5).

Sedgwick viser spesifikt til dåtidas amerikanske straffelover mot valdtekt, der ein (oftast mannleg) valdtektsmann kunne sleppa med lågare straff dersom han kunne hevda å ikkje ha visst at den valdtekne kvinna (oftast) ikkje var interessert i samleie. Ein har altså ei straffelov som gjev eit privilegium til den som kan hevda å mangla kunnskap på ein måte som i praksis gjev kvinner dårlegare vern mot seksualisert vald.

Den same mekanismen er i sving når nokon hevdar å «ikkje sjå farge», og i grunnen er det berre ei forlenging av det same fenomenet eg prøvde å gå i rette med i den opphavlege Twitter-tråden. Desse evinnelege påstandane om at ein ikkje forstår kvifor ein apekarikatur er sårande, dehumaniserande eller rasistisk, er ei privilegert ukunne som medlemer av minoritetar sjeldan har tilgang til.

 

Kvifor les du dette?

Ein av tinga som gjer at eg ofte ikkje føler meg heime på Twitter, er formatet som innbyr til bråkjekke og bastante meiningar. For den som anerkjenner at andre ikkje berre kan ha gyldige poeng, men også ein ekspertise ein ikkje har sjølv, er 140 teikn eit lite eigna format for diskusjon. Twitter oppmodar også i liten grad til å oppsøkja meiningsdannarar som er ulik ein sjølv. Eg kjenner eit lett ubehag av at enkelte openbert oppfattar at eg, ein kvit, «etnisk norsk» mann, freistar å vera ein autoritet på spørsmålet om rasistisk språk.

Det er langt meir å læra av å fylgja debattantar som faktisk kjenner problema på kroppen. Sjølv får eg mykje ut av å fylgja Trudy, Nora Warholm Essahli, Warsan Ismail og Mohamed. Det er ingen grunn til å la ukunne vera eit privilegium.

Advertisements

3 thoughts on “For langt for Twitter: Karikaturar, konvensjonar og kunnskapsprivilegiet

  1. Stort sett er jeg enig med deg, men jeg ser at du lenker til en side jeg brukte i en kort twitterutveksling med bloggeren George Gooding og at du hevder det er en avsporing å vise til irene. Det var ikke et forsøk på å avspore debatten fra min side. Gooding har hevdet at tegningen av Esbati ikke kan være rasistisk fordi han ikke har afrikanske aner. Gooding skrev et lengre innlegg om dette på bloggen sin og jeg hadde det i mente da jeg viste til irene. Det var ment som et eksempel på at Gooding bruker er et hult argument siden apetegninger har blitt brukt mot ikke-afrikanske grupper som har blitt definert som underlegne raser.*

    Som deg mener jeg tegningen av Esbati følger en rasistisk tradisjon – at han ikke har afrikanske aner er uvesentlig. Men jeg er altså uenig i at det å vise til irene nødvendigvis er en avsporing.

    *F.eks. ble de katolske irene i USA utsatt for grov rasisme (annerledes enn f.eks. hva skandinavere og finner ble utsatt for) basert på datidens tanker om rase. De var noe annet enn den anglosaksiske rasen, mente den anglosaksiske eliten. Etterhvert ble irene med i kategorien «white.» Se f.eks. The History of White People av Nell Irvin Painter.

    • Hei Hilde, og takk for kommentaren! Då misforstod eg intensjonen bak den linken som vart delt, og eg hadde også gløymt kvar eg hadde han frå. Godt at du korrigerte meg på det. Og takk for lesetips!

Kom med eit innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s