«Jævla homo» anno 1957

Eit litt forseinka innlegg i høve ei homohistorisk viktig hending:

I 2017 var det 60 år sidan forfattaren Øivind Eckhoff gav ut boka Vi som føler annerledes under pseudonymet «Finn Grodal». Den noko unnvikande tittelen skjuler ein aldri så liten revolusjon i norsk samfunnsdebatt: Det er den fyrste vitskaplege gjennomgangen av homoseksualitet på norsk. Vi som føler annerledes kom på ei tid då kjernefamilien stod sterkt, men homoseksualitet tok til å bli debattert i større utstrekning enn før.

Vi ser mange av dei same tema i Eckhoffs tekst i dagens samfunnsdebatt. Eit interessant eksempel er NRK-serien Jævla homo frå hausten 2017, der programleiaren utforskar kvifor han føler seg utilpass med homsemiljøet. Serien utløyste sterk kritikk frå journalisten Morten Hegseth, som meinte at statskanalen fremja det vi kan kalla homonormativitet: «De tradisjonelle heterofile verdiene hylles gjennomgående, mens de homofile klisjeene kritiseres og utfordres hele tiden». Han set fingeren på ein slags avgrensa toleranse, der homofili blir tolerert i den grad det passar med ein så «vanleg» som mogleg livsstil. Kan vi sjå ei liknande problematisk haldning i Eckhoffs bok?

«Den homoseksuelle» blir skapt

Vi må fyrst vita litt om bakgrunnen for homodebatten i moderne tid. Den franske idéhistorikaren Michel Foucault påpeikte i sitt banebrytande verk Seksualitetens historie (fransk utg. 1976) at det frå 1700-tallet av blir stadig meir snakk om kjønnslivet i vestlege samfunn. Dokterar, dommarar og prestar arbeider iherdig for å kartlegge kva minste detalj av kva folk gjer i senga, på låvar, og i grøftekantar. For å sørge for ein fruktbar nasjon får moderne vestlege statar bruk for å administrere kjønnslivet på best mogleg måte. Ein av dei viktigaste reiskapane i dette arbeidet er vedkjenninga – tenk på pasienten som vedkjenner seg til doktor Freud om sine syndige draumar og fantasiar.

Den moderne idéen om homoseksualitet blir skapt på 1800-tallet. Ikkje slik å forstå at det ikkje hadde funnest likekjønna forhold før den tid, men no byrjar folk å tenkje på den homoseksuelle som ein spesiell type, med en avvikande kropp. Idéen om at det finst spesielle menneske som er «fødd sånn» – eller i det minste fødd med spesielle anlegg til å «bli sånn» – oppstår no. Vidare ser vi ein strid mellom på den eine sida juristar og medisinarar og på den andre sida dei homoseksuelle sjølve om kven som skal kunna uttale seg om temaet.

Solidarisk førebygging?

Mellom anna difor er Eckhoffs bok så viktig; dette er den fyrste boka på norsk der ein homofil person pratar om sine eigne erfaringar og meiningar i eg-form. Eckhoff går gjennom teoriar om homoseksualitet frå 1800-tallet, via Freud og fram til den amerikanske sexologen Alfred Kinseys omfattande undersøkingar på 1940- og 50-talet. Boka argumenterer for å fjerne § 213 i straffelova som forbaud sex mellom menn, og for aksept for homofil kjærleik. Eckhoff er tidlig ute med å bruke omgrepet «homofil» for å understreke at dette handlar om kjensler og ikkje berre sex. Men han er også nøye med å presisere at han vil «forebygge homofil personlighetsutvikling hos den oppvoksende slekt». Korleis kan ei tekst som skal forsvara de homofile, samtidig ta til orde for å utrydde homofili?

Eckhoff etterlyser ein solidaritet mellom homofile, men dette får ein eugenisk effekt: Dersom dei homofile er einige om at dei har det fælt, bør dei kjempe mot at andre lid same skjebnen. Denne særeigne forma for solidaritet gjeld altså ikkje berre dei som allereie er homofile, men også dei som «risikerer» å bli det i framtida.

Dermed verkar argumentasjonen i boka ofte sjølvmotseiande. Eckhoff er på den eine sida skeptisk til at kvinner skal delta i arbeidslivet i større grad enn før, fordi barnets psykiske utvikling, ifylgje han, er avhengig av eit nært forhold til mora. Men paradoksalt nok tek han samtidig til orde for full likestilling mellom kvinner og menn, og dessutan felles gute- og jenteklasser. Einkjønna klasser, fryktar han, vil føre til meir «homoseksuell praksis». Her tek Eckhoff utgangspunkt i ein idé utvikla av den berømte 1800-tallssexologen Richard von Krafft-Ebing: at visse personar har eit anlegg for homoseksualitet som kan utviklast viss forholda ligg til rette for det.

Frykta for den homofile

Vi som føler annerledes må lesast i ljos av omfattande negative haldningar mot homofile i store delar av vesten på 1950-talet. I Sverige vart det i 1952 avslørt at kelneren Kurt Haijby påsto å ha hatt eit forhold til kong Gustav V. I Norge skulle lovforbodet mot mannleg homoseksualitet reviderast, noko som fekk det norske bispemøtet til å uttala dette i 1954: «En må være merksam på at vi her står overfor en samfunnsfare av verdensdimensjoner». Homofili vart omtala i sterkt fordømmande ordelag, men dimed vart det òg meir merksemd om fenomenet, som dåtidas aktivistar kunne utnytte. Eckhoffs bok var nettopp delvis meint som eit innlegg i lovdebatten.

Wilde_Salome

«Queen-typen»? Oscar Wilde som Salomé

I dag kan vi riste på hovudet av argumentasjonen til Eckhoff, men også kjenne oss igjen i forakta hans for feminine homofile menn: «Queen-typene», skriv han, ligner ikke kvinner, «men karikaturer av kvinner». Han hevdar dei gjer seg til – det er umogleg for han å tenkje seg at dei på naturleg vis er sånn. Dei påfører seg samfunnets forakt, og skadar dimed homokampen. For Eckhoff er det altså ikkje eit mål å auke toleransen for ulike måtar å vera mann og kvinne på. Strategien går snarare ut på å framstå som så «normal» som mogleg, og i dette ljoset er det ei gåte for han at ikkje «queen-typen» rettar seg etter manndomsidealet som «de mer nøkterne» homofile lever etter.

Utan å ta stilling til debatten om kva slags type homofile som bør få plass i media og samfunnsliv, kan vi konstatere at han har røter langt attende i tid. Homorørsla har kanskje aldri hatt eit avklåra forhold til kva slags kjønnsroller og verdiar ein er mest komfortabel med. Trass i dei problematiske sidene er Vi som føler annerledes eit historisk pionerverk i den norske kampen for homofiles rettar, som bringar perspektiv til debatten om kjønn og seksualitet også i vår tid.

 

Advertisements

Kom med eit innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s