Star Wars er ikkje fiksjon

«Star Wars er ikkje fiksjon! Tretti år før George Lucas laga den fyrste Star Wars-filmen, pågjekk det ein stor krig som landet hans var involvert i. Tyskland og Italia var allierte mot land som England og USA på den andre sida. Der Tyskland og Italia søkte verdsherredøme, ville England og USA berre ha fred og fridom for alle menneske. Krigen var også historisk viktig på grunn av at ny teknologi som jagarfly og stridsvogner vart utnytta til fulle. Det er sjølvsagt at når Lucas var direkte inspirert av dette då han laga ein film der vonde makter med ekstremt avansert teknologi prøver å utrydde dei gode.»

Kva ville du tenkt om du møtte nokon på gata som påstod dette? Kanskje ville du lurt på om du hadde lese noko i avisa nyleg om ein rømling frå eit psykiatrisk sjukehus. Enn viss du hadde lese ein artikkel som argumenterte grundig, med intervju med historikarar og andre forskarar, for at Star Wars faktisk handla om andre verdskrigen, og at George Lucas eigentleg ikkje hadde funne på noko?

Eg håpar du ville tenkt at det var ein interessant innfallsvinkel, men at det kanskje er vel søkt å hevde at Star Wars «eigentleg» handlar om andre verdskrigen. Filmane er for det fyrste heilt tydeleg fiksjon – ewoks og jediar finst ikkje i verkelegheita. Og sjølv om ein gjerne kan tenkje seg at Lucas var inspirert av dei mange store krigane på 1900-talet då han tenkte ut stjerneeposet sitt, ville det vel vera litt reduserande å føre inspirasjonen attende til éin spesifikk krig. Ein slik artikkel ville vel toppen vore ei av fleire moglege fortolkingar av Star Wars-filmane.

For ei vekes tid sidan delte forskning.no ein gamal artikkel på Facebook. Artikkelen har tittelen «Fimbulvinteren er ikke en myte». Det handlar om førestillinga om fimbulvinteren i norrøn mytologi, som mellom anna er skildra hjå Snorre. Store norske leksikon forklarer tidslina slik: Når verda går under, vil det koma tre ekstremt harde vintrar etter kvarandre, utan sumar mellom. Dette slepper laus dei vonde maktene, som går til krig mot æsene – dei norrøne gudane. Odin blir eten av Fenrisulven. Tor og Midgardsormen kjempar mot kvarandre, og drep einannan. Eldjotnen Surt set fyr på jorda. Krisa endar med at alt liv døyr, bortsett frå dei to menneska Liv og Livtrase, som overlever og blir stamforeldra til ei ny menneskeslekt.

Dramaet i førestillinga om Ragnarok – verdas undergang – står ikkje attende for Star Wars. Dette har heller aldri skjedd; det er ei fantastisk forteljing og ei mytologisk førestilling om verdas krinslaup.

Kva er det som får forskning.no til å skrive om norrøn mytologi som om det var reelt? Artikkelen refererer til den svenske moseforskaren Rutger Sernander, som i 1910 meinte at myten om Fimbulvinteren har som grunnlag ei verkeleg klimakatastrofe for 2000 til 2500 år sidan. Ein slik katastrofe har aldri vorte påvist. Men NASA-forskarane Richard Stothers og Michael Rampino påviste i 1983 at store vulkanutbrot rundt år 536 hadde ført til kalde vintrar. Denne innsikta har så vorte handsama av den svenske arkeologen Bo Gräslund. I 2007 publiserte han ein interessant artikkel som er bakgrunn for saka på forskning.no. Han påviser ved å sjå på det nedarva skriftmaterialet at eit hovudelement i fimbulvintermyten ikkje berre er at vintrane er kalde – dette har vel ikkje vore særleg uvanleg i Finnoskandia – men at sumrane også har vore uvanleg kalde og dimed gjeve langt fattigare avlingar:

I berättelsen om solens och månens försvinnande i Kalevala är det inte minsta tal om vinter, det hela utspelar sig sommartid. När det talas om frost är det exempelvis för att upplysa om att grödan fryser (Gräslund 2007, 101).

«Jag ser det som en rimlig hypotes att den norröna myten om Fimbulvintern ytterst återgår på nordbors långvariga och traumatiska upplevelser av de svåra klimatiska förhållanden som följde av en våldsam vulkanisk eller kosmisk eruption i början av år 536 e.Kr.» (Gräslund 2007, 105).

Det er ein grunn til at forskingsartiklar sjeldan blir klikkvinnarar. Forskning.no har valt ei mykje meir marknadsvenleg tilnærming med tittelen «Fimbulvinteren er ikke en myte». Liknande påstandar florerer i artikkelen. Under eit bilde står det:

«Flere har spekulert på om myten om Fimbulvinteren kan basere seg på noe som virkelig har hendt. Nå vet forskere at det er slik.»

Og seinare i artikkelen blir omgrepet «Fimbulvinter» stadig brukt om den historiske hendinga med vulkanutbrot, pest og massedød på 500-talet:

«De klareste indikasjonene på at det var to ulike vulkanutbrudd etter hverandre som skapte Fimbulvinteren, har vi fra borekjerner hentet opp fra innlandsisen på Grønland.»

Artikkelen utslettar subtilt forskjellen på myte og verkelegheit, utan støtte i artikkelen til Gräslund. Vi kan påpeike at det skjedde klimaendringar av katastrofale proporsjonar, med element som liknar fimbulvintermyten slik han blir skildra i ulike nordiske kjelder. Og vi kan danne ein hypotese om at minnet om denne klimakatastrofen er ei av hovudkjeldene til fimbulvintermyten. Men det gjev oss ikkje noko grunnlag for å seia at fimbulvinteren ikkje var ein myte. 

Artikkelen «Fimbulvinteren er ikke en myte» irriterer meg ekstra mykje fordi tilnærminga til Gräslund representerer ein kontekstualiserande metode å lesa fiksjonstekster på, som eg eigentleg har sansen for. Litteraturvitskapen har sidan 1970-åra i aukande grad vore oppteken av identitetsfaktorar som kjønn, klasse og etnisitet. Frå å lesa tekster med vekt på indre oppbygging har ein etter kvart lagt meir og meir vekt på forfattarens «plassering»: Det har noko å seia for Camilla Colletts litteratur at ho var kvinne i eit mannssjåvinistisk samfunn.

Så har ein sidan 1990-talet i engelskspråkleg forsking, men kanskje fyrst dei siste 5–10 åra i Noreg, fått augo opp for at også naturen har noko å seia for kva slags kunst som blir skapt. Vi er alle del av ei fysisk verd med temperatursvingingar, stormar, skogar, fjell, og no også ei vedvarande frykt for klimaendringar som kan truge livsgrunnlaget vårt. Førestillingane våre blir òg prega av miljøet rundt oss. Men vi kan ikkje av den grunn føre eit bestemt litterært motiv attende til ei bestemt historisk hending eller bestemte naturtilhøve. Det gjeld for fimbulvinteren i like stor grad som for the Death Star.

Death-Star-I-copy_36ad2500

Forskarar har lenge trudd at Hitler enda sine dagar på eit enormt romskip. No veit vi at det er slik.

Tittelen og retorikken til forskning.no-artikkelen er klikk-agn, og ikkje ei edrueleg framstilling av kva vi kan seia noko sikkert om. Artikkelen gjev uttrykk for ei primitiv tru på at ein kan finne ein-til-ein-samsvar mellom fiksjonsførestillingar og verkelege hendingar. Det er skuffande at ei profilert forskingsformidlingsside gjer så slett arbeid.

Advertisements

Kom med eit innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s