Om ph.d.-prosjektet mitt

Ph.d.-prosjektet mitt handlar om lyrikaren Åsmund Sveen (1910–1963) frå Elverum. Sveen var ein av Noregs fyrste modernistiske diktarar og ein kjend og omtykt forfattar i mellomkrigstida. Den kritikarroste debuten Andletet (1932) har ofte vore lese som ei skildring av erotisk vakning, og særskilt interessant er det nok at tekstene inneheld meir eller mindre «koda» referansar til homoseksualitet. Sjølv om einskilde kritikarar tykte Sveen var for direkte, var han ein viktig person i det litterære livet på 1930-talet, som både forfattar og kritikar.

Åsmund Sveen  har vore lite kjend dei siste tiåra, hovudsakleg fordi han valde feil under andre verdskrigen. Han melde seg inn i NS og arbeidde gjennom okkupasjonsåra som kulturarbeidar i ulike roller for Quisling-regimet, med ansvar for mellom anna avissensur. Etter krigen vart Sveen dømd for landssvik, og han skulle ikkje få sjå fleire publiserte diktsamlingar med sitt namn på medan han levde. Dei avantgardistiske prosadiktsamlingane Brunnen og Tonemesteren kom i høvesvis 1963 og 1966.

Både forfattar og verk er altså kontrastfylte og fleirtydige. Sume dikt er trauste og burleske bygdeviser, andre modernistiske prosadikt. Delar av forfattarskapen er spirituelle, andre er knytte til psykoanalysen og den såkalla

«Guten låg i graset …»

«Guten låg i graset …»

vitalismen. Og medan Sveen skildra homoseksuell attrå og sjølv levde saman med ein mann i mange år, omfamna han den nasjonalsosialistiske ideologien.

Spørsmålet eg stiller, er: Korleis kan me forstå eit diktverk som er så samansett? Eg har ei von om at ph.d.-arbeidet mitt skal gjeva ny kunnskap om diktverket og samtida, men også om samanhengen mellom dei ulike, til dels motsetnadsfylte, strøymingane som pregar forfattarskapen — og ikkje minst om kva slags strategiar homoseksuelle har nytta for å setja ord på og formidla attråa si.

 

Avhandlinga med tittelen Den opne løyndomen. Homografiske lesingar i Åsmund Sveens forfattarskap vart levert i november 2016.

Kom med eit innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s