NTNU-campus

Hausten 2015 vart det bestemt at NTNU i Trondheim skal samlast i ein sentrumsnær campus, primært i bydelane Lerkendal, Elgeseter, Gløshaugen, Øya og Kalvskinnet. Etter at Solberg-regjeringa den 8. september kunngjorde at dei går inn for å leggja ned campus Dragvoll, var bordet duka for diskusjonar om kva den nye campusen skulle vera, og – i eit større perspektiv – kva campusprosjektet har å seia for Trondheim som (universitets)by.

Offentlege rapportar og utgreiingar finst på heimesida Campusframtid, drifta av NTNU. Her vil eg fyrst og fremst samla debattinnlegg og kommentarar i media for å halda eit overblikk over campusdebatten, og korleis han forgreinar seg i ein større by- og universitetsutviklingsdebatt. Eg set pris på kommentarar om andre artiklar som kan lenkjast til frå denne sida.

– – –

18.8.2015: Få veker før regjeringa offisielt varslar støtte til ein ny campus, publiserer rektor Gunnar Bovim eit blogginnlegg med visjonar for universitetet i framtida.

6.9.2015: «– Bygg campus som St. Olavs Hospital», seier arkitekt Geir Brendeland i Adresseavisen. Han meiner utbygginga av universitetssjukehuset er eit førebilete for campusuvikling.

7.9.2015: «Universitetsarkitektur, byutvikling og forskarkreativitet». Skrive av underteikna og publisert i Universitetsavisa, og som blogginnlegg.

8.9.2015: I folkeopplysingas teneste publiserer Adresseavisen ein artikkel med tittelen «Ni ting du må vite om campusplanene».

8.9.2015: Jone Trovåg, leiar i Studenttinget, uttalar seg om den framtidige campusen. Han ser for seg både ølservering og studentbustader på det samlokaliserte universitetsområdet.

9.9.2015: Det statlege eigedomsselskapet Entra vil byggja høghus i Holtermannsveien, som skal bli ein del av NTNU-campus. Sør-Trøndelag fylkeskommune er derimot skeptisk til forslaget, i ein artikkel med tittelen «Fraråder høyhus i Holtermannsveien».

9.9.2015: NTNU-rektor Gunnar Bovim seier i eit intervju med Adresseavisen at han vil ha Elgeseter gate i tunnel. Den sterkt trafikkerte gata blir ein barriere gjennom campus dersom bilane skal prioriterast.

13.9.2015: Adresseavisen har ei sak med tittelen «Slik kan NTNU-campus bli». Her uttalar mellom andre arkitekt Siri Rørholt seg om at det er viktig å ta vare på småhusa som allereie står i det nye universitetsområdet.

15.9.2015: Marit Reitan, dekan ved SVT-fakultetet, argumenterer i ein kronikk i Adresseavisen for at Dragvollfaga må flyttast raskt og samla. Den 20 år lange flytteprossesen som har vore føreslege, meiner Reitan er uheldig.

18.9.2015: Sosiologiprofessor Aksel Tjora skriv ein kronikk i Adresseavisen med tittelen «Et universitet kan ikke planlegges». Tjora er ueinig med Geir Brendeland, og tek til orde for ei organisk utvikling av universitetsområdet.

24.9.2015: Bente Berg, Marit Christensen, Odin Hjemdal, Karl Jacobsen og Magne Arve Flaten, alle ved Psykologisk Institutt, ber om «transparens og ryddighet» i eit innlegg i Universitetsavisa. Dei er særskilt opptekne av at faga knytt til psykisk helse må få medverka til å bestemma kvar dei skal plasserast i framtida.

25.9.2015: «Hva nå Dragvoll?» spør professor emeritus Bjørn Røe i Universitetsavisa. Røe framhevar at fagmiljøa på Dragvoll bør få arbeidsro og medverknad i campusprosessen.

25.9.2015: Kine Angelo og Alex Booker ved Institutt for byggekunst, form og farge åtvarar mot ein fargelaus campus i Universitetsavisa. Dei viser til at mange av bygga på Gløshaugen er fargesette med ein modifisert versjon av Trondheimspaletten, og oppmodar om å bruka dei same fargene på dei nye bygga i ein samlokalisert campus.

25.9.2015: Aksel Tjora skriv på nytt om det organiske universitetet, denne gongen i Universitetsavisa. Han understrekar dei mange kreative fagmiljøa i Trondheim, og argumenterer for å utvikla universitetet etter inspirasjon frå universitetsbyen Oxford.

7.10.2015: Universitetavisa rapporterer at regjeringa føreslår fjorten millionar kr. til samling av campus i framlegget til statsbudsjett for 2016. Pengane går til planlegging av den nye campusen.

12.10.2015: «NTNU uenig med egne fagfolk», skriv Universitetsavisa. Medan NTNU har gått inn for å leggja Elgeseter gate i tunnel for å få ein bilfri campus, er dei tilsette ved Fakultet for arkitektur og biletkunst ueinige. Dei meiner ein tunnel vil auka trafikken.

14.10.2015: Adresseavisen intervjuar adm. dir. Espen Susegg i Selskapet for industrivekst (Siva) om det nye innovasjonssenteret, som avisa meiner blir det fyrste bygget på den nye campusen, med plassering i Hesthagen. Siva har økonomi til å finansiera innovasjonssenteret sjølv, og treng ikkje stå i statleg byggjekø.

20.10.2015: Ifylgje Adresseavisen tillèt bygningsrådet i Trondheim Entra å byggja opptil 15 etasjar på kommunetomta Holtermannsveg 1–13. Eit av argumenta er at området må ha høg arealutnytting som del av ein framtidig campus.

22.5.2016: «La kunnskapen ‘rule’ sentrum», skriv arkitekt Ole Wiig i Adresseavisen. Han meiner ein ny NTNU-campus bør etablerast på Nyhavna som forlenging av det historiske sentrum i Trondheim, og ikkje sørover mot Sluppen.

24.5.2016: E.C. Dahls eiendom, som leiger ut areal til det fusjonerte NTNU på Kalvskinnet, argumenterer for å samla universitetet mest mogleg på Kalvskinnet, Gløshaugen og Øya. For å letta transporten mellom bydelane føreslår dei ei taubane som kan frakta opp til 3 500 passasjerar i timen.

25.5.2016: Det skal arrangerast ein workshop med tittelen «Campuses as living labs for sustainable cities». Opplegget er å sjå campusutvikling som eit «laboratorium» for berekraftig byutvikling med miljøvenlege løysingar, som har overføringsverdi til andre byplanleggingsprosjekt.

27.6.2016: På tampen av vårsemesteret vart det debatt om utforminga av kontor i den nye NTNU-campusen. Universitetsavisa stiller spørsmål ved kvifor ein rapport om ulemper ved opne kontorlandskap ikkje vart omtala i statusrapporten om campusprosjektet som styret handsama før sumaren. Avisa refererer òg frå styremøtet, der rektor mellom anna argumenterer for at cellekontor ikkje er «framtidas arbeidsplass». Hanna Marie Jones i campusprosjektet svarar på artikkelen eit innlegg i Universitetsavisa 30.6.

7.7.2016Adresseavisen melder at arbeidsgruppa i campusprosjektet tilrår å byggja ut NTNU vestover – mot Elgeseter og Øya. Rapporten er lagt ut på nettsidene til campusprosjektet. Fredrik Shetelig, som leier arbeidsgruppa, meiner dette vil føra til betre byutvikling og ein meir vital campus enn ei utbygging sørover. NTNU-styret skal ta stilling til forslaget i oktober, etter ei høyring, og Kunnskapsdepartementet har siste ord.

8.–15.8.2016: Elgesetergate er eit stridens eple i campusutviklinga. Gata er både hovudinnfartsåre til Trondheim sentrum sørfrå, planlagt superbusstrasé med eigne køyrefelt for buss og tenkt som ein viktig del av den nye campusen, med tilgjengelegheit for fotgjengarar og urbane kvalitetar som butikkar og kaféar. Arkitektar, politikarar og studentar diskuterer utfordringane med å sameina desse omsyna i artiklar 8. august og 11. august, og i eit lesarinnlegg frå Tenketanken Urbanistene med tittelen «Elgeseter gate kan bli en fest» 15. august.

11.8.2016: Ei viktig avklåring for teknologimiljøet ved gamle Høgskulen i Sør-Trøndelag: Universitetsavisa melder at teknologane skal inn i nytt bygg på Kalvskinnet, men samlast med resten av fagmiljøet på Gløshaugen på sikt.

19.8.2016: Sosiologiprofessor Aksel Tjora kjem med sterk kritikk av tilrådinga frå arbeidsgruppa i campusprosjektet, offentleggjort 7. juli. I ein kronikk i Adresseavisen skriv Tjora at «NTNUs campusforslag er bakstreversk», og argumenterer for at den føreslegne utbygginga vestover er sjølvmotseiande.

Advertisements

One thought on “NTNU-campus

  1. Tilbakeping: Universitetsarkitektur, byutvikling og forskarkreativitet | Per Esben Svelstad

Kom med eit innspel

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s